Arild Eikenæs Vengen
Arild er psykologspesialist i klinisk vaksenpsykologi (2014), utdanna psykolog ved universitetet i Bergen i 2008. Han er interessert i å lære nye måtar å hjelpe på, og har fullført treåring vidareutdanning i intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP) i 2021.

Arild ønsker å hjelpe deg, og saman med deg granske det som opplevast vanskeleg. Han er nysgjerrig på korleis andre har måtta løyse livet, og vil gjerne hjelpe med konfliktfylte kjensler, sjølv­bilete­proble­matikk, traumearbeid eller relasjons­vanskar. Arild har lang og brei erfaring frå vaksenpoliklinikk i spesialisthelsetenesta, og er van med med å hjelpe med depresjonsplager, angstvanskar og person­leg­domsvanskar.

Bestill time